VELKOMMEN til Spor Forlag. Her kan du kjøpe alle bøkene som er gitt ut på forlaget. Det er ikkje mva på bøker. Porto kjem i tillegg.
Levd liv 2011 - Ulstein historielag
Årsskrift for Ulstein Historielag.
Tradisjon tru kjem årsskriftet Levd Liv ut i år også. Årets utgåve er den sjuande. Sidan starten i 2004 har årsskriftet fått ei form og eit innhald som formidlar lokalhistoria i Ulstein på ein god måte. Det er lagt stor vekt på billedbruken, noko som vi har fått positive tilbakemeldingar på.
Formidling av vår lokale historie er svært viktig. Ulstein Historielag ser på dette som si fremste oppgåve.
Levd Liv - årsskrift for UlsteinHistorielag 2010
Ulike artikkelforfattarar
”Levd Liv, årsskrift for Ulstein historielag” kjem ut med bok nr. 6 i haust.
Årsskrifta til Ulstein historielag har vorte kjærkomen lesnad for mange. Også i år er det artiklar frå dei fleste bygdelaga og med god spreiing på tidslina. Årsskriftet har fått ros mellom anna for å ha gode personpresentasjonar. Det blir fleire av desse også i år, både av kvinner og menn. Ein har også lagt vinn på å ha både korte og lengre artiklar. Her skulle det vere noko for ein kvar smak.
ISBN: 978-82-91139-51-7
QUIZ - Hareid & Ulstein
Spørjebøker er både underhaldandande og lærerike. I denne boka finn du 333 spørsmål frå Hareidlandet, 333 spørsmål frå Møre og Romsdal og 333 spørsmål frå heile Noreg. Kose deg med dei!
ISBN 978-82-91139-63-0
Leselyst
Favorittar frå Møre-Nytt sine julenummer
Tidlegare redaktør Skjalg Longva har bladd gjennom gamle årgangar av Møre-Nytt og funne eit skattkammer. Så langt har han registrert over seks hundre artiklar som vart skrivne spesielt for avisa sine julenummer. Mange av artiklane fortener ein betre lagnad enn å døy med dagsavisa, synest Longva. I denne boka har han samla eit utval av artiklane. Tjuetre forfattarar er representerte og boka spenner over ein periode på nesten tretti år. Det viktigaste kriteriet for utvalet er at artiklane skal vere godt lesestoff.
ISBN: 978-82-91139-56-2
Is, skuter og folk "Isflaket" 10 år
Redaktørar: Finn Sindre Eliassen, Magnus Sefland og Gunnar Wiik
”Is, skuter og folk “Isflaket” 10 år”, inneheld eit utval artiklar frå dei første 10 åra med “Isflaket”. Artiklane handlar ikkje først og fremst om skutene, men om folka som var med dei på selfangst, ekspedisjonar og overvintring.
ISBN: 978-82-91139-54-8
Da vi mistet barna, mistet vi fremtiden
Av Myrthel Emblem
”Da vi mistet barna, mistet vi fremtiden” er ei hudlaus forteljing, basert på forfattaren, Myrthel Emblem, sine dagboknotatar. Ekteparet Emblem mista begge borna sine, Tonje og Ronny i to ulykker og stod ribba tilbake. Emblem skriv her om kva som skjedde i ulykkene, og om den kampen dei som foreldre hadde etter forliset av ”Bourbon Dolphin”, der Ronny omkom.
ISBN: 978-82-91139-53-1
Den vesle grå mannen som hadde gløymt fargane
Av Lillian Øvrelid Berge
Herøydama Lillian Øvrelid Berge har skrive og teikna barneboka ”Den vesle grå mannen som hadde gløymt fargane”. Boka er på nynorsk og kjem ut på Spor Forlag i Ulsteinvik. Nynorske barnebøker er mangelvare, så dette er ei kjærkoma utgjeving.
Forteljinga er underfundig, og i tillegg til å vere engasjerande for ungane, har noko å seie til den vaksne lesaren om å sjå kvarandre.
ISBN: 978-82-91139-52-4
Lakseeventyret
Det var dei mest fiskerike elvane i landet. Laksefeberen herja vilt i bygdene. Så kom laksekrigen, deretter laksedauden.
Dette er historia om lakseeventyret - og det som skjedde etterpå, fortalt av dei som stod med vadarane midt opp i det.
Svein Aam (f. 1960 i Ørsta) har vore journalist i Sunnmørsposten sidan 1998. Før dette arbeidde han over ti år i NRK - radio og fjernsyn. Han har fiskeri og havbruk som spesialfelt.
Frakt og porto kjem i tillegg.
Dynamittpus
- og fleire historier frå Naturtelefonen
"Dynamittpus - og fleire historier frå Naturtelefonen" er no ute i butikkane.
May Britt Haukås skrive ned fleire fantastiske og underfundige historier frå det populære radioprogrammet "Naturtelefonen" (NRK P1, Møre og Romsdal kvar fredag, 11.05 - 12.00.)
Illustrasjonane er av Trond Scheen Korssjøen, som også stod for illustrasjonane i den forrige boka "Kråke med akebrett - og andre historier frå Naturtelefonen".
Først til mølla ...
Så langt kapasiteten rekk, stiller forfattar May Britt Haukås gjerne opp på signering hos dei som måtte ønskje det.
Ta direkte kontakt med Haukås om signering.
E-post: may.britt.haukas@nrk.no
Forrige bok i serien om historier frå Naturtelenfonen "Kråke med akebrett" er nesten utseld. Av eit opplag på 6000, har vi berre nokre hundre bøker igjen. Det ligg ikkje føre planar om nytt opplag av denne.
Frakt og porto kjem i tillegg.
